Klubblause Frode på veg til Velledalen IL…?

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Jun 2018

Frode Mauren var nest best
totalt i Tomasløpet, og han var best over 40 år. I Varden Opp (Sula kommune)
sist helg vann han klasse 45-49 år. Med andre ord; ein kvalitetsløpar i
veteranalder. Som ein ser av fotoet er stilen upåklageleg under Tomasløpet.

Det som gjer han ekstra
interessant for Velledalen IL er at han i det daglege er sjåfør. Han køyrer
nemleg varer mellom anna til nærbutikken i Velledalen. Og han har alt vore inne
på bakrommet til ein løpsprat med Team Bøe.

Goda med ei innmelding til
Velledalen IL er ikkje all verda, men ein kaffisup og daggamle bakarvarer - kvar gong han er innom butikken i eit heilt år – kan vere ein bra start.

Og profilerings-klede til
sterkt rabatterte prisar vil han også få tilgang til.