Tomasløpet: Radka Vosicka vann og sette rekord
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Jun 2018
Eigentleg hadde vi ikkje
venta Radka Vosicka mellom deltakarane i Tomasløpet dette året. Dagen før
gjorde ho det framifrå på halvmaraton i Ørsta. Ikkje etter veg, men ute i
terrenget. Opp og ned fjell og dalar. 28 kvinner fullførte halvmaraton, og Radka
vart nummer seks av desse med tida 2.48.58.
Sundag 24.juni var det ikkje
snakk om å restituere. Når klubben hennar arrangerte motbakkeløp var ho på
plass, som einaste kvinne mellom 14 menn i konkurranse-klassa. Og Radka var
ikkje verre på det at ho senka Kari-Anne Tryggestad Ryste sin rekord frå 2014.
Vi kjem tilbake til rekord-tida. Ikkje nok med dette, men heilt mot slutten
av løpet vart ho «pressa» til ein sugande langspurt av ein mannleg løpar som
eigentleg ikkje hadde tenkt å bli slegen av ei kvinne i dette løpet…. Men det
vart han – og det er inga skam!