Tomasløpet: Kjell Magnar sette rekord
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Jun 2018
Håvard Myklebust frå Volda
sat på rekorden i Tomasløpet, med flotte 18.22 gjort i 2014. Kjell Magnar
hadde
18.58 frå 2013, og 19.02 frå 2014
som sine beste tider.
Men sundag 24.juni fann «Berlien»
at tida var komen for justeringar. Han opna slik han meinte var høveleg for ein
utøvar med rekordtankar. Alt ved Tandstad skule hadde han luke. Etter eit jamt,
veldisponert løp kryssa han mållina på 17.47 – 35 sekund betre enn gjeldande
rekord. Frode Mauren frå Ålesund vart ein god
nummer to, medan Svein Arne Nakken tangerte bestetida med 21.53.
Resultatliste kjem når
VIL-Nett får den.