Testa nivået i grannefylket i sør
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Jun 2018
Arkivfoto
Svinestranda Opp – eller Svinestrandløpet
som det òg vert kalla -
vert arrangert
av Fjellhug Vereide IL. Det er sju kilometer langt med ei stigning på 1070
høgdemeter.
Johan Bugge har
løyperekorden for herrar med 48.58, medan Karoline Holsen Kyte (56.36) har
gjort beste kvinne-tid.
Dei to «lokale» karane kom
heim med kvar sin tredjeplass. Bjørn Arve frå Stranda i klasse veteran 50-54 år
med tida 70.34. Kjell Magnar i menn senior med tida 55.43. Kjell Magnar vart
nummer fire totalt i løpet, og kunne kassere inn ein ny pengepremie.
-
Her var eg på
ukjend mark, men er godt fornøgd. Det vart kort avstand opp til dei beste,
løparar som kjende løypa frå tidlegare, sa Kjell Magnar til VIL-Nett.
Her er namna på dei åtte
løparane som kom under timen:
1.
Vegard Holsen, Førde IL, 53.45 (Menn senior)
2.
Sverre Nesdal Aske, Fjellhug Vereide 54.22 (40-44)
3.
Jørn Hustad, Åndalsnes IF, 54.44 (menn senior)
4.
Kjell Magnar Berli, Velledalen IL, 55.43 (menn senior)
5.
Jann Olav Tjønneland, Viksdalen IL, 57.00 (45-49)
6.
Per Ove Walaker, IL Fanaråk, 57.05 (45-49)
7.
Håvard Klakegg, Jølster IL 58.23 (15-18)
8.
Gisle Skjølberg, Bremanger Motbakkelag, 59.55 (45-49)