Emil og Mateusz Balon på kretssamling

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Jun 2018

Det var ingen stor tropp
frå Velledalen IL som deltok i Molde, då flere var opptekne med andre gjeremål.
Men Emil og Mateusz Balon var der. Siste del av samlinga var deltaking i
Eldestafetten. Her kom Mateusz sitt lag på 3.plass.

Dei to VIL-utøvarane var
begge fornøgde med opplegget og har meldt tilbake til gruppeleiar om ei kjekk
helg. Sjå foto av dei to (Mateusz er den eldste), og legg merke til antrekket.
I militæret på 1970-talet var det noko som heitte «korrekt antrekk».

Neste kretssamlinga til
o-folket skal vere i Sykkylven med Velledalen IL som vertskap. Den vert
arrangert fyrste helga i september, noko nettsida kjem nærare tilbake til. Vi
nemner likevel at basen vert på Fjellsætra. Samlinga vert avslutta med o-løp
sundag 2.september.