Svein sprang sommarkarusell i Ålesund
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Jun 2018
Opplegget er som
tidlegare; valfritt fem eller ti kilometer i kontrollmålt løype kva lengde
vedkjem. Svein Arne Nakken var åleine om å representere Velledalen IL i
opningsløpet, men trass alt var det berre tre dagar sidan store deler av «styrken»
tok seg ut i Geiranger.
Marcus Megrund frå Vigra
sette ny rekord på 5 km med fine 16.15. Beste kvinne vart Ingrid Festø med
18.22. Distansen over ti kilometer vart vunnen av Steffen André Kråkenes frå
Brattvåg med 37.49. Alt i alt 43 løparar i aksjon.
Her er resultata for
klasse 50-54 år – distanse 5 km:
1.
Bjørn Oskar Holstad, Hareid, 19.56
2.
Fridtjof Fredriksen, Sykkylven IL, 20.51
3.
Svein Arne Nakken, Velledalen IL, 21.46
4.
John Walderhaug, Wenaas Nordic, 22.13
Andre løpet i
sommarkarusellen vert arrangert onsdag 11.juli