Robert hadde besøk frå Polen

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Jun 2018

Velledalen IL sin gode
venn frå Polen, Robert, med det vanskelege etternamnet, var også på plass i
Geiranger. For eit par år sidan vart Robert vinnar av trimposten i skogsvegen
Hjorthol, som den fyrste av utanlandsk opphav.

For nokre år sidan hadde
Pe-Tomasz ein stor polsk tropp i Geiranger, der somme gjekk turmarsj medan
andre sprang Nibbeløpet. I år kom ein av desse karane på besøk til Robert, og
begge tok det kortaste turmarsj-alternativet; frå Djupvasshytta til toppen av Dalsnibba.

Vi nemner at Odd Lennart
Lien (lang løype) og Emma Holmberg (kort) var mellom deltakarane i
Nibbemarsjen.