Ei kjend skjorte på toppen av Dalsnibba
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Jun 2018
Det var kjekt å møte på
nordmøringen Are Uran på Dalsnibba sist laurdag. Are hadde nemleg ei vakker
t-skjorte på seg, ei han fekk den gongen han deltok i Konradløpet. Are er kjend
for sine mange «Stikk-ut turar», og for å delta i eit utal løp i løpet av kvart
kalenderår.
-
Korleis gjekk
løpet i dag, Are!
-
Ganske bra. Var
nokre minutt bak persen, men det var kanskje varmen
Så vart det fotografering
av Are, som lesarane våre kan sjå.
Og vel heimkomen sjekka vi opp at Are Uran frå Averøya vann klasse
40-44 år i Nibbeløpet 2018.