Vegard «the coming man» skadd

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Mai 2018

Løps-sesongen er på det
heitaste, men Vegard Riksheim Tandstad gjer neppe nye sprell på løps-fronten
med det fyrste. Mannen er nemleg skadd etter eit fall.

Pålitelege kjelder melder
at det var eit kinobesøk som senka Vegard denne gongen, kombinert med litt «øseferder».
Eit delvis ukontrollert fall førte til beinbrot i ei hand. Så pass ille at han
visst nok må gå mot gips det meste av sommaren. Springe kan han vel til ein
viss grad gjere med gips, men som konkurranseløpar vert det nok eit opphald.
Dermed ryk truleg massemønstringa i Straumgjerde, Tomas-løpet, 24.juni.

Til hausten vert Vegard «the
coming man» å finne som lærar ved Stranda vidaregåande skule.