160 deltakarar på verdas o-dag i regi VIL
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Mai 2018
«World
Orienteering Day» samla 1700 arrangement i heile verda. Ein av stadane var
vesle, vakre Velledalen. Sjå flott oppslag i Sunnmørsposten i dag!
Dagen (23.mai)
vart markert
mellom anna med base i
området Dalemyra, der elevane frå tre barneskular ivrig leita etter postar.
Onsdag og torsdag hadde
o-gruppa trening etter kartet på Fjellsætra med base på Drabløsstølen.
Også sirkeltreninga onsdag kveld vart lagt
til fjellet (stølen) med åtte frammøtte. Og damene kom også med på
deltakarlista til verdas o-dag gjennom oppvarminga som denne dagen var o-løp.
Frå o-gruppeleiar,
Pernille Ibsen Lervåg, har nettsida fått fylgjande sluttord:
-
Det var et meget vellykket arrangement; både på dagen og på kvelden.
Jeg endte med å kunne rapportere 160 deltakere på verdens o-dag i regi VIL - veldig bra!!
Flotte tal - takk til alle som deltok!