FK Sykkylven tilbake på Dalemyra
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Mai 2018
25.mai klokka 18.30 bør mange ta turen til Dalemyra der FK Sykkylven og
Rollon skal kjempe om seriepoeng i 4.divisjon. Begge kampane mellom laga i 2017
enda 1-1.
Det var sesongen då FKS ikkje slapp
til på Dalemyra, sidan bana hadde invasjon av ubodne «gjestar».
Sesongen 2017 var
året der det ikkje vart
kjempa om
seriepoeng på Dalemyra.
Denne sesongen ser det betre ut for naturgraset.
Bolla har som vanleg gjort ein glitrande jobb med
bana.
«Strøken»
er den vel neppe til denne kampen, men den vil bli betre seinare i sesongen. FKS er ikkje favoritt i morgon. Hittil har
laget eitt einsleg poeng etter uavgjort mot Larsnes/Gursken. Rollon har ti
poeng meir og kjempar i toppen av tabellen.
Frammøtet til denne kampen
bør bli bra. Både sidan kampen går i Velledalen, men også fordi FK Sykkylven
for tida har sine beste spelarar frå det som tidlegare var «VRF-land». Eit anna
moment er at det no er Velledalen IL som har kiosk-salet. Så vår oppmoding
vert:
Pjask deg på kamp og bruk
kiosken!
Og måtte heimespelarane
vere tende over å ha naturgras under knottane!