Tida komen for ny friidrettskarusell
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Mai 2018
Ikornnes IL ynskjer alle
born mellom 6-13 år velkomne til Ikornnes Idrettspark fredag 25.mai. Her kan
dei prøve ut kva friidrett er under gode og trygge tilhøve.
Det vert oppmøte og
registrering frå klokka 17.30. Startkontingenten er særdeles overkomeleg på 20
kroner, og der vert open kiosk.
Dei frammøtte kan også få
prøve seg på ei løpeløype for o-løp. Det har vist seg å vere særs populært
under tidlegare friidrettskarusellar.