Kvinnerekord i Konradløpet 2018

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Mai 2018

Med andre ord; er du på
damejakt på vårparten 2019 er vårt råd tindrande klart: start med ei påmelding
til Konradløpet! Her formeleg florerer det med kvinner. I alle aldersgrupper og
i alle fasongar. Men nokre fellestrekk finst likevel. Dei er alle rimeleg
spreke etter alder, og dei kjem seg opp om morgonen. Det er med andre ord litt «drive»
i det utvalet du finn på Brunstad grytidleg 1.mai.

Sprekaste namna.
  Velledalen IL har i fleire år jobba hardt for gutenamnet Konrad. Sjølv
med pengar inne i biletet har vi ikkje fått døypt meir enn ein ny Konrad her i
Sykkylven siste ti åra. Mest som svart hav å rekne, ville ein fiskar sagt. Vi
er stolte av Konrad Strømmegjerde Helle, som hittil har vore flittig deltakar i
MiniKonrad. Han er ung enno, men er i kjømda! Årets hovudløp hadde faktisk ingen
med Konrad som førenamn, men Jarle Konrad Fausa berga æra til namnet, slik at «Konradane»
- om ikkje anna -
   var representerte i
hovudløpet også.

Vinnarnamnet er, etter det
vi kan sjå, på herre/gutesida
  OLE.
Eit typisk kombinasjonsnamn, og vi sender gratulasjonar til deltakarane:

Ole Petter Berge

Ole Martin Korsnes

Ole Mathias Hammer Brænde

Ole-Peder Kristian
Holmberg

Ole-Tom Lonebu

På kvinnesida var det
beinhard kamp mellom fleire namn. Reknar vi reine førenamn, tok
  ANNE prisen, takka vere morgonfriske,
sporty typer som:

Anne Britt Hammar

Anne Marte Skotheim

Anne Merete Hjorthol

Anne Line Høidal

Anne-Kari Aamodt

Anne gjorde det også bra
som mellomnamn. Nærast Anne, kom namn Hanne, Janne, Inger, Liv,
   Monica og Elisabeth.

I alle fall: Dette var bra
damer. Gratulerer med ein knusande triumf over gutane/mannfolka!

Neste år sprengjer de
grensa –
   med 200 jenter/kvinner i
Konradløpet som naturleg mål.