Velkomen til: Vårsprint i Velledalen
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Mai 2018
Basen vert ved Velledalen
grendahus med parkering på grusbana. Løpet går inn i det nye «Flexoløp-konseptet»,
og høyrer inn under kategorien nærløp. Det vert tre ulike løypelengder, alt
etter klasse/nivå. Den kortaste vert på kring 1 km, den lengste kring 3 km.
Det er fri start innanfor
tidsrommet 14.00-15.00.
Sjå elles innbyding på
Eventor for fleire opplysningar.
Arrangøren, Velledalen IL,
set pris på at flest mogleg melder seg på på førehand, anten gjennom Eventor,
gjennom Facebook-sida eller til løpsleiar Pernille Ibsen Lervåg. Det vil lette
arrangementet. O-gruppa kan elles veileie personar som er usikre på kva klasse
dei bør stille i.
Vi håper mange
sykkylvingar stiller til start.
Fotoet som fylgjer saka er
frå KM i orientering på Vedde i Sula kommune. KM-vinnar og o-.gruppe-leiar,
Pernille Ibsen Lervåg, har her med seg Ruben Stave Klokk, Vilde Lervåg Seim,
Frida Orre, Emil Orre, Tobias Ibsen Lervåg og Mikkel Ibsen Lervåg.
Deltakarar i KM frå VIL
som manglar på fotoet: Torild Hole, Emil og Mateusz Balon.