Ustoppelege Pernille vart KM-vinnar
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Mai 2018
Arkivfoto
GRATULERER PERNILLE!
No er Velledalen IL
råstolte av deg! Sjå på merittlista hennar siste seks dagane:
1.mai: Beste kvinne i
Konradløpet på tida 17.34
5.mai: Beste kvinne i
Eikenosa Opp på 24.27
6.mai: KM-vinnar o-løp
mellomdistanse på 34.33 klasse D 21.
Pernille vann KM ved
Myrdalen i fjor, og tok sin andre strake på Vedde i dag, i kamp med Mari Støen
Gussiås frå Molde. Ved stempling 1.post var Pernille 15 sekund bak. Utover i
løpet skilde det lite mellom dei to. Pernille hadde ein liten «sleiv» inn mot
fjerde post, men ikkje verre enn at det framleis var jamt på post sju. 25.12
var tida på Pernille der, mot 24.10 for Støen Gussiås.
Men så; på strekket mellom
8. og 9. post fall avgjerda. Her brukte romsdalskvinna 6 min og 54 sekund, mot
Pernille sine 4 .15. Dermed viste klokka 29.27 for Pernille mot 31.04 for
Gussiås. Siste postane inn mot mål gav ikkje store endringa, slik at D 21 enda
slik:
1.
Pernille Ibsen Lervåg, Velledalen IL 34.33
2.
Mari Støen Gussiås, Molde og Omegn IF, 36.00
Andre løparar frå
Velledalen IL:
C-OPEN:
3.
Ruben Stave Klokk 19.49 (glimrande av debutanten, fem
sek frå 2.plass)
6.
Torild Hole 27.49
D – 12N:
1.
Vilde Lervåg Seim 19.26
4.
Frida Orre, 29.53
H-12N:
2.
Mikkel Ibsen Lervåg, 19.41 (seks sekund bak vinnaren)
3.
Emil Orre, 20.16
4.
Tobias Ibsen Lervåg, 20.22
5.
Emil Balon, 36.39
H 21:
6 Mateusz Balon ,
diskvalifisert