Nummer 136 av 1477 i klasse A1 i Holmenkollstafetten

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Mai 2018

Med tida 1.09.13 kom
Velledalen IL sitt lag på 136. plass av 1477 fullførande lag i klasse A1. Som
vil seie blandingslag med fleirtal menn. VIL mønstra tolv menn i tillegg til
Selma Strømsnes, Hilde Riksheim Tandstad og Ellen Marie Hole.

Eit par forfall siste
dagane gjorde at reserven Roger Malvin Hole steppa inn på laget. Verre var det
at Jens Christian Hole også måtte tre ut av rekkjene, med det resultat at unge
Oskar Johan måtte springe to harde etappar. Elles var frammøtet på møteplassen
upresist og ingen visste korleis startmannen såg ut, eller kven han var.
Lagbilete var det uråd å få teke, då fleire var opptekne med etappar for andre
lag. Kort sagt; det vart mykje grums denne gongen.

Men laget fann vegen til
mål, utan å bli diska og godt under premietida. Plasseringa vart heiderleg
136.plass (ca 110 plassar svakare enn i fjor) av 1477 fullførande lag.

Fotoet viser
stafett-rutinerte Ole-Peder Holmberg og Hilde Tandstad, saman med debutantane
Henning og Vegard Tandstad, og lags-premien dei sprang heim . Arrangøren sine
etappetider viser at Vegard Tandstad og

  
Sverre Gunnar Brunstad leverte best på VIL sitt lag denne gongen.