Heldige vinnarar av sponsorpremiar
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Mai 2018
Sponsorane er rause med
Konradløpet. Difor vart tre av dei flottaste premiane trekte mellom alle som
deltok. Sponsorsjefen, Odd-Kåre Fet, kom på scena med bollen med alle
startnummera, og det var leiaren i VIL, Ove Inge Skylstad, som fekk æra av å
trekkje.
Fyrste startnummeret ut av
bollen tilhøyrde Bente Ramstad Fet. Heldige nummer to vart Arne Sørensen. Til
slutt skulle stolen til 14 000 kroner i utsalspris frå IMG få sin nye
eigar. Den heldige vart Hanne Søvik. Og etter posisjonen på fotoet tyder alt på
at ho ikkje angrar deltakinga i Konradløpet 2018.