Heimehåpa innfridde i Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mai 2018
Nils Terje Skylstad vann
herreklassa i Konradløpet dei fire fyrste åra (2002, 2003, 2004 og 2005). Etter
det kom ein periode med sterke jenteresultat. Det gav siger til Hilde Riksheim
Tandstad i 2007, 2008, 2009 og 2010. I tillegg vann Solveig Beate Brunstad i
2013.
At Velledalen IL får vinnaren både mellom
kvinner og menn er heilt klart historisk. 2018 vart året der Kjell Magnar
(15.26) kom inn fire sekund føre Martin Hauge-Nilsen frå Ulsteinvik, medan
Pernille Ibsen Lervåg hadde heile 55 sekund til gode på sunnylvsjenta Kristine
Hjellbakk Hole denne gongen.
Men det var ikkje berre
desse to som gjorde det skarpt. Espen Strøm Grebstad persa med drygt 20 sekund
og vart nummer tre, Anders Wigdahl nummer fem, Vegard Riksheim Tandstad seks,
Per Inge Bjørnestad sju og Kjetil Fallingen ti. Vi registrerer også at Stijn De
Smedt brukte 18.43, ei kraftig forbetring av den belgiske rekorden. I tillegg
leverte mange andre gode prestasjonar, med ei rad personlege bestenoteringar.
Eit anna høgdepunkt var
Kjellaug Ulset. Ho gjekk over mål i fin stil, og vart dermed den fyrste kvinna
over 90 år som har fullført Konragløpet. Berre ein utøvar har tidlegare gjort
det same, nemleg Tomas Tandstad. Han var året eldre enn Kjellaug siste gongen
han deltok.
Her er namna på utøvarane over 80 år:
Kjellaug Ulset, Magnhild
Hole, Paul Hole, Ingebjørg Hole, Anny Bjørge (debutant på knappe 87 år), Magnus
Ødegård og John Holmberg. Som vi ser alle velledalingar, bortsett frå Anny
Bjørke.
Jaudå, vi kan trygt slå
fast at vi innfridde – på heimebane!!