Mateusz og Emil opna o-sesongen i Stryn.
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Apr 2018
Diverre hadde VIL med
berre to løparar under sesongopninga i Nordfjord, nemleg far og son Balon.
Begge kom godt frå sesong-debuten, kan vi slå fast etter å ha fått rapport frå
løpet av Beata. Ho skriv:
-
Det var eit kjekt
løp. Emil deltok for fyrste gong med tidtaking og vart nummer to i klassa.
Mateusz fann også alle postane, og vart nummer tre i sin klasse.
6. mai arrangerer Emblem
IL KM i orientering mellomdistanse på Vedde i Sula kommune. Der håper vi
Velledalen IL vert godt representert.
13. mai arrangerer
O-gruppa i Velledalen IL «Vårsprinten» med utgangspunkt i Velledalen grendahus.
Utøvarar kan melde seg på gjennom Eventor til begge desse løpa, eller ved å
kontakte Pernille i O-gruppa om ein er usikker på kva klasse ein bør stille i.