Tidleg krøkjast den som god krok skal bli
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Apr 2018
Denne gongen var onsdag
bytt med ein tysdag som arrangementsdag. Smart av O-gruppa, då slike
arrangement alltid kolliderer med eit eller anna av treningar og snart også fotball-kampar.
Og det kan vere greitt med slike «dagskifte», slik at det ikkje blir dei same
det kolliderer for heile tida. Neste SentrumsCup vert måndag 23.april, då med
base i Kyrkjeparken.
Iveren i jakta på postane
var upåklageleg, og spennet i alderen på jaktarane like eins. Kjekt å sjå så
mange ivrige utøvarar i aksjon.
Ord frå ei mor:
Hei!
«Min son på 6 år har no
deltatt på noen av skiløpene på Fjellsætra, og i går på O-løp. Fantastisk
opplegg av Velledalen IL. Sidan vi benytter oss av dokke sitt tilbod vil vi
gjerne støtte arbeidet»
Nettsida seier hjartans takk
på vegne av langrennsgruppa og O-gruppa, som heilt sikkert set pris på slike
tilbakemeldingar!