Ektepar med 102 positive idrettsmerkeprøver.
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Apr 2018
I går var ein stor dag i
Grethe og Odd-Kåre Fet sitt samliv. Litt fordi Odd-Kåre greidde krava til
idrettsmerke for 50.gong (kan berre takast 1 gong per år). Men mest fordi begge
har gjort det. Og det skal vitast; slikt er særdeles sjeldan kost, og noko dei
færraste (faktisk nesten ingen) ektepar får oppleve.
Grethe passerte 50 prøver
for to år sidan, og står no på 52. Som vil seie at ekteparet har 102 positive
prøver til saman. Utanom ekteparet Fet er det berre Paul Hole frå Velledalen IL
som har passert 50 positive prøver.
Odd-Kåre, som er
1942-modell, har sin sportslege bakgrunn frå fotballbana. Med 2-talet på ryggen
(som betyr at han «trakterte» høgre back-posisjonen) har han sveitta mang ein
dråpe i den gule VRF-trøya i kamp – og på trening, for den saks skuld. Odd-Kåre
var nemleg kjend som ein djerv duellspelar som gav alt for laget.
Velledalen IL gratulerer
ekteparet Fet med bragda!!
Odd-Kåre vil bli heidra
under Konradløpet si premieutdeling 1.mai