Imponerande treningsframmøte

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Apr 2018

No ser det faktisk ut til
at Osloavdelinga sin draum om eige kvinnelag i Holmenkollstafetten i 2019 kan
bli røyndom. Og det kan vi garantere er kjekt. Mange av etappane er nemleg
ganske så lette.

Friidrettsleiar Alf Petter
Bøe leia treninga. Fyrst oppvarming, så nokre stigningsløp, før ein tok fatt på
hovuddelen. I alt 12 intervall-drag, kvar på kring 400 meter for dei sprekaste.
Men her var det fri fart etter fysisk form.

Observatøren var i alle
fall nøgd med det han såg. Og han likte særs godt at økta hadde kvinnefleirtal
(7-6). Breier dette om seg kan ein faktisk risikere at det kjem tilskodarar
neste gong, for dette var nærast eit særsyn i Velledalen. Eit syn å bli glad
av!

Takk til alle som møtte!