Nytt løpstilbod: Bli med på «Nær-sprinten»
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Apr 2018
«Nær-sprinten» vert
arrangert på marka rett ved sida av Nærbutikken i Velledalen. Der vert det
rigga til ei kort rundløype på kring 500 meter, med høve for publikum til å «kranse»
løypa overalt. Arrangørane, Velledalen IL og Nærbutikken på Brunstad, har berre
møtt positiv velvilje frå gardbrukaren som disponerer jorda (Bjarne Sigurd
Drabløs). Det vert dermed sprunge éin runde for dei yngste, to rundar for eldre
born. Tanken er at alle i alderen 0-15 år kan delta, som i MiniKonrad.
GRATIS.
Nær-sprinten
har ingen startkontingent. Løparane vert starta ved fellesstart etter alder,
akkurat som i Konradløpet. Planen er at det skal serverast kjøtsuppe – og sikkert
også anna – noko vi kjem tilbake til når alt er bestemt.
STAFETT.
Men
rosina i pølsa denne kvelden kjem til slutt. Då vert det stafett. Skulestafett med
seks utøvarar på kvart lag (tre jenter og tre gutar). Kvart lag består av: gut
og jente frå 5.klasse, gut og jente frå 6.klasse og gut og jente frå 7.klasse.
Kvar etappe blir ein runde i rundløypa (ca 500 meter).
Den innbyrdes kampen mellom skulane kan bli
interessant nok, men Velledalen IL stiller ein «motkandidat» til skulelaga, som
skal springe alle seks etappane (ca 3 km) utan å få veksle. Dersom ingen skular
vil møte denne «stakkaren», så går denne delen av opplegget ut.
TIDSPUNKT
. Skulane
vil få invitasjon rett over helga. Tidskjemaet den 24.april er tenkt om lag
slik:
17.45: PÅMELDING
18.15: START 0-5 år – 1 runde
18.30: START 6-10 år – 1 runde
18.45: START 11+ - 2
rundar
19.00: START SKULESTAFETT
MOT VIL - VETERAN