Brødrene Aursnes kjøper Dalemyra og Slettegjerde

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Apr 2018

2018 vert siste året med
fotball på Dalemyra i Velledalen og Slettegjerde i Straumgjerde. Pengane ligg
berre å ventar på eigarlaga Velledalen IL og VRF. Brødrene Aursnes har gjort
munnleg avtale om kjøp, til den nette sum av 10 millionar kroner. Knut Henning
Aursnes seier dette om dei vidare planane:

 -
   

 Sykkylven kommune
skal i nær framtid gjere ei gigantisk satsing på eldre. Vårt oppdrag er å
byggje høgt og kompakt med plass til 2500 menneske på kvar av stadane.

 -
   

 Kor høgt er det
snakka om?

 -
   

 Det er kort og
godt sykkylvs-rekord – 28 etasjar i Velledalen, 32 i Straumgjerde.

Ordføraren stadfestar

Dette er så sensasjonelt
nytt at vi kopla ordførar, Odd Jostein Drotninghaug, inn i saka.

 -
   

 Rykta er nok
sanne. Dette vil kome som ein motaksjon til Nye Ålesund kommune sine
gigantplanar på Emblemfjellet med plassering av 25 000 eldre. Slår vi oss
saman med dei, ligg det i korta at alle frå Sykkylven skal dit. Og dette er
snakk om velståande sykkylvingar, som er stinne av stål. Spørsmålet vert difor;
skal dagens «sykkylvspengar» vere på nordsida eller sørsida av fjorden…?

 -
   

 Men korleis i
alle dagar skal de fylle dei 5000 nye plassane i Sykkylven…?

Ordføraren utdjupar:

 -
   

 Det vert med
tvang, vi ser inga anna naturleg løysing. Så snart ein person i
sentrumsområdet, Søvikdalen eller Ramstaddalen fyller 75 år, vert vedkomande
flytta – frivilleg eller med tvang - til dei nye bustadane på Dalemyra eller
Slettegjerde.
 For øvrige deler av bygda er alderen for flytting sett til 80 år.

 -
   

 Kvifor denne
skilnaden?

 -
   

 Hundeidvikarane,
straumgjerdingane og velledalingane er beviseleg meir kreative enn dei som har
6230 som postadresse. Såleis er det fornuftig å ha desse lenger på heimplassen.

 -
   

 Men det kan vel
søkjast dispensasjon…?

 -
   

 Det skjer til
fylkesmannen, som behandlar søknadane etter beste evne. Og vi har sett før kva
det betyr.

Naturgraset i Hundeidvik
  vert ikkje omtala i denne saka. Kvifor, spør vi
ordførar Drotninghaug….?

 -
   

 Årsaka ligg i
Hundeidvik Fotballfestival. Den representerer god PR for bygda og Sykkylven
kommune. Så god at den må sparast, meiner vi. Men Fylkesmannen har spela inn at
sidan den no vert einaste attlevande naturgrasbana i Sykkylven, så må bana
vernast. Noko som betyr at graset i Hundeidvik etter alle solemerke vert tvangsflytta
til Auremarka. Vi som sit den noverande kommuneleiinga i Sykkylven er MOT
dette, men Fylkesmannen presiserer at rådet er gitt etter beste evne.

Fryktar fisk med granulat

Johan S. Grebstad, som har
tuska med grasbana i Velledalen ein mannsalder, synest dette er å gå vel langt:

 -
   

 Nei, eg er ikkje
glad for dette! Men eg vil sjølvsagt heller sitje i ein stol på Dalemyra enn på
Emblemsfjellet. At steikt heile banå skal byggjast att skjønar eg ikkje
hensikta med. Eg hadde i det minste håpa på ei stripe naturgras som eg kunne
stelle på mine eldre dagar.

 -
   

 Åsså kan du
varskue ordføraren at øss vil ikkje ha ta dinnja fisken i Aureelva so e
peisfullje ta granulat so det stend om i Sykkjylvsbladet. Fiskjin so dei servere
øss skal vere frå Fetvassdraget. Det e et minimuskrav!