14 trena med Janne i påska
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Mar 2018
Treningsfri i påska…? Nei,
Janne & Co kviler aldri. Onsdag i påskeveka var det aktivitet som vanleg i
Velledalen grendahus. Denne gongen tolv kvinner og to «menn». Snittalderen på «mannfolka»
under 20 år. På kvinnfolka over 40. Eller sagt på ein annan måte; utøvarar frå
8 til 64 år som kosa seg i lag, under kyndig leiing av Janne Tomtum – ei av VIL
sine flinke o-kvinner.
Opplegget var lagt opp med
16 stasjonar. 50 sekund «på» og ti sekund «av». På desse ti sekunda skulle ein
byte stasjon. Her var med andre ord ikkje rom for særleg «døra-gange». Ein
måtte vere påskrudd. Etter fyrste runden var over, gjekk ein laus
på runde to. Medrekna oppvarming og ein avsluttande tøyings-sekvens, ein god
time med kroppsleg sælebot.
Her er det berre å møte
opp – onsdagar klokka 20.00. Nykomarar vert handsama på beste måte, det kan vi
love.
PS. Minner om PåskeKonrad - 4,5 km langt mosjonsløp – for påskegjestar og fastbuande
TID: 31.mars (påskeaftan) –start
klokka 10.00
STAD: Nærbutikken i
Velledalen
Sosial samling i
kafeavdelinga etter løpet