BM: Stian Mork kvassast i fristil
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Mar 2018
Ikkje uventa heldt Stian Mork høgast fart under
Bygdameisterskapen i langrenn. Stian representerer Emblem IL, men det gjorde
han ikkje i 1995 og 1996, då han tok to KM-titlar i fristil i G 15 og G 16. Den
gongen gjekk Stian for Velledalen IL, og det er berre Kenneth Fet som har vunne
KM i langrenn for Velledalen IL etter Stian gjorde det.
Ti løparar fullførte herrane sin 10 kilomter. Stian Mork
(29.17) vann føre Svein Arne Nakken (29.33) og Anders Wigdahl
(30.03). Av dei som gjekk på tid, nemner vi
at Sigbjørn Brunstad brukte 33.40 på fem kilometer. Janne Tomtum gjekk 10 km på
46.48, medan Eldrid Myhre vart nest best på 5 km med tida 20.16. Sivert Nakken
vann klasse G 15 på 24.15, 13 sekund føre tvillingbroren Andreas.
Rennet samla i alt 87 deltakarar, som er beste deltakinga
i BM på år og dag. Nokså nær 30 prosent av deltakarane var påskegjestar.
PS: Vi kjem tilbake med dato og tidspunkt for
TELENOR-FjellsæterCup 2018 sin avslutningsfest.