Årsmelding – Hovudstyret 2017
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Mar 2018
STYRET 2017
Ove Skylstad, leiar (2017 og 2018) – ikkje på val i
styret, men på val som leiar
Atle Hole, nestleiar (2016 og 2017) – på val
Håkon Fedt, kasserar (2016 og 2017) – på val
Åshild Kristoffersen, sekretær (2016 og 2017) – på val
Marit Hole, styremedlem (2016 og 2017) - på val
Ole–Peder Holmberg, styremedlem (2017 og 2018) – ikkje på
val
Elisabeth Sjøli, styremedlem (2017 og 2018) – ikkje på
val
Vara: Thorbjørn Hopland (1.vara), Liv Nordli Hole
(2.vara)
Laget har siste arbeidsåret hatt fire styremøte der heile
hovudstyret har vore innkalla. I tillegg har det vore møter med mindre grupperingar,
eksempelvis i samband med Konradløpa og Førjulsmessa.
Alt i alt eit relativt positivt år for
Velledalen IL, med stor aktivitet på trimfronten. Badminton er tilbake som
trimaktivitet etter ei pause. Elles er ungdomstrim, innebandy,
sirkel/stasjonstrening med Janne Tomtum i gang. Julie Brochmann held Idrettsskulen
i drift, sjølv om oppslutninga gjerne kunne vore større. Langrennsgruppa sin
aktivitet sist vinter var hemma av lite snø (Fjellsæterrunden måtte såleis avlysast).
Trimgruppa har fått gjennomført nokre arrangement og trimpostane er framleis
populære. Friidrettsgruppa har hatt rekord-mange i aktivitet i 2017, mellom
anna med ei sterk Oslo-avdeling.
O-gruppa vart vel fortent kåra til «Årets
Gruppe» i VIL i 2017 under Idrettsgallaen, etter eit år med KM-arrangement på
Myrdalen, kretssamling med base på Fjellsætra og kretsløp-arrangement i sentrum
på hausten. I tillegg til eit enormt kartarbeid (Myrdalen, Svartevatnet,
Fjellsætra, Dalemyra og Aure sentrum), har gruppa arrangert opplegg for
barnehagar, barneskular og vidaregåande skular med meir. Toppen av kransekaka
var at Pernille kom heim frå ei nasjonal Forbundssamling på Gardermoen med
«Årets Gaselle» for 2017. Det må og leggast til at O-gruppa skal ha hovudæra
for VIL sitt høge medlemstal, og for andre året på rad fekk Velledalen IL si
O-gruppe ei heilside i den nasjonale O-boka.
Førjulsmessa 2017 gav ny nettorekord på
93 000 kroner, halvparten til VIL.
Dalemyra
stadion vart i 2017 drifta av Velledalen IL med Johan S. Grebstad i front, men
uheldige omstende gjorde at bana ikkje kunne brukast. VIL har kjøpt ein brukt
klippar av Geir Helge Grebstad, og fått lovnad om 30 000 til nye mål av
VRF.
MEDLEMSTAL: Talet
på medlemar i 2017 er det beste som nokon gong er registrert. Dette skuldast to
faktorar. Den eine er ein kjempeinnsats av O-gruppa, den andre at medlemar som
ikkje betalar kontingent ikkje lenger straks vert strokne av listene.
0-5 år
6-12 år
13-19
20-25
26+
Sum
2006
7
62
29
4
94
196
2007
8
51
41
6
138
244
2008
11
48
35
5
132
231
2009
11
42
44
9
125
231
2010
10
23
27
7
112
179
2011
7
44
23
3
115
192
2012
8
30
21
6
83
148
2013
6
34
20
3
103
166
2014
6
21
20
8
97
152
2015
2
12
12
4
86
116
2016
11
46
16
8
120
201
2017
18
62
21
10
164
275
Laget har seks nolevande æresmedlemar, fem menn og ei
kvinne.
Ein 90+, éin 85-90, éin 70-80,
tre 60-70.
ØKONOMI.
Laget har relativt god økonomi, men rekneskapstala gir
dette året ikkje eit heilt korrekt bilete av stoda. Dette grunna at ein del
rekningar ikkje vart betalte i rett tid. Som betyr at pengar som skulle gått ut
i 2017, fyrst har gjort det i 2018. Dei to store arrangementa på inntektssida
er Konradløpa og Førjulsmessa. Elles har O-gruppa i 2017 - som i 2016 - vore
flinke til å skaffe sponsormidlar til sine prosjekt.
Elles gir medlemskontingenten og «grasrotpengar»
gode pengar i klubbkassa. Meir detaljert om korleis pengane har vorte brukte,
kjem under rekneskap.
Oversikt over
grasrotkroner - og grasrotspelarar ved utgangen av året (i parentes):
2009: 15 736 (55)
2010: 23 248 (73)
2011: 23 656 (76)
2012: 26 762 (81)
2013: 19 702 (67)
2014: 17 574 (68)
2015: 16 422 (72)
2016: 18 864 (76)
2017: 18 958
(81)
ARRANGEMENT.
VIL har vore relativt aktive på arrangementssida også i
2017, noko som er breiare skildra i gruppene sine årsmeldingar. Arrangement
siste året:
MINIKONRAD
KONRADLØPET
KOLDABAKKEN GRAND PRIX
GRILLKVELD BRUNSTADSÆTRA
RAMSTADDALSLØPET
FØRJULSMESSA (VRF og VELLEDALEN SKULEKORPS MEDARR)
ROMJULSMARSJ
«IDRETTSGALLA»
PANORAMA-LEIKANE PÅ IKORNNES (medarr.)
FJELLSÆTERCUP (fem renn - samarbeidsprosjekt)
SENTRUMSCUP ORIENTERING
KM-ORIENTERING MYRDALEN (85 delt)
KRETSLØP ORIENTERING SENTRUM
TOMAS-LØPET
I tillegg kjem mindre arrangement og samlingar.
NB!
Fetvatnet
Rundt, Fjellsæterrunden og Det Store Folkerennet vart ikkje arrangert i 2017.
ANLEGG
Velledalen IL eig som dei fleste veit Dalemyra stadion,
opna i 1971. VRF sa frå seg drifta av anlegget i 2016, etter å ha hatt dette i
lang tid. Frå 2017-sesongen vart bana drifta av Velledalen IL med Johan S.
Grebstad som «banemeister». Diverre fekk bana vitjing av mindre velkomne
«gjestar» som drap det som var av gras på delar av bana. Takka vere eit
omfattande arbeid av Johan S. Grebstad er det von om at bana kan takast i bruk
denne våren. Men i skrivande stund veit vi ikkje sikkert om FK Sykkylven vil
spele kampar der. Det var gjort ein muntleg avtal om spel i 2017 – som skulle
fungere som eit prøveår mellom FKS og Velledalen IL. I fjor spela dei på
naturgras i Hundeidvika
VIL har kjøpt
ein brukt klippar av Geir Helge Grebstad til ein rimeleg pris, og VIL har fått
lovnad på 30 000 kroner frå VRF til nye fotballmål.
PROFILERINGSKLEDE
VIL sin nye klede-kolleksjon har slege godt an. Særleg
klubbjakker, men også bukser, panneband og huer. Slikt gir identitet og styrker
samkjensla (jamfør intervju med Roger Hole med klubbhue på NRK dagen før
Birken). I tillegg har O-gruppa gjort ein stor jobb også på dette feltet. Deira
løps-klede frå Trimtex eignar seg både for orientering og andre løp. Her må det
gjerast fleire innkjøp, då vi no er tomme for det meste. Spørsmålet er om
sponsorane som er trykte på klubbjakkene vil vere med på meir pengar.
REPRESENTASJON
«Lag på Lag» verkar vere lagt ned, men det vart arrangert
juledans i 2017 med godt resultat, og vakthald mellom anna frå VIL.
Odd Kåre Fet har også i 2017 representerte Velledalen IL
i styret i Sykkylven Idrettsråd.
Marit Hole og Ove Skylstad har møtt som utsendingar til
generalforsamlinga i Velledalen grendahus.
Håkon Fedt har vore utsending til generalforsamlinga i
Velledalen Naturbarnehage.
Pernille Lervåg sit i fylkesstyret i Møre og Romsdal
O-krets, og ho har representert Velledalen IL
på O-Forbundet si samling på Gardermoen saman med Mari Skjøstad. Vilde
Nordtømme har delteke på aktivitetskurs for ungdom i Ulsteinvik i regi av Møre
og Romsdal Friidrettskrets.
HEIMESIDA
VIL fekk eiga heimeside i desember 2007. Den ligg som link
under www.velledalen.net.
Nettsida til Velledalen IL er drifta av Liv og Atle Hole.
Utviklinga år for år ser slik ut:
2008:
4 169 treff
2009: 13 815 treff
2010: 19 164 treff – 294 saker
2011: 27 659 treff – 376 saker
2012: 33 804 treff – 510 saker
2013: 43 037 treff – 488 saker
2014: 42 614 treff – 359 saker
2015: 44 330 treff – 394 saker
2016: 42 872
treff – 386 saker
2017: 41 297
treff – 462 saker
Vi oppmodar gruppene/medlemane om å bruke sida. Meld alle
resultat og sportslege nyhende.
Sida kan mellom anna vere ei god hjelpekjelde når
gruppene skal skrive årsmeldingane sine.
Velledalen IL kom på Facebook i 2013. Sida vert i
hovudsak drifta av Ann-Helen Hole frå Måløy, med litt hjelp av Ellen Marie Hole
i Oslo.
31.12.13:
114 «venner»
31.12.14:
222 «venner»
31.12.15:
317 «venner»
31.12.16:
407 «venner»
31.12.17: 495 «venner»
Mykje positivt,
men også store utfordringar.
2017 har på mange felt vore eit positivt år med mange
aktive. Særleg innanfor friidrett og orientering. Oslo-avdelinga vår jobbar godt
og det er nesten rørande når det kjem e-post frå sterke utøvarar som Anette
Jokstad og Nikolai Handle Jensen med spørsmål;
kan vi få lov å melde oss inn. Då har nokon gjort ein god jobb! Like
eins har O-gruppa generert enormt med medlemar i 2017.
Men enno viktigare er det at vi ser
problemfelta våre. Der kan og må vi ta grep, rette opp, og bli betre. Vi må sjå
forgubbinga vi har i store deler av organisasjonen, vi må løyse problema på
Myrdalen mellom orientering/hjortejakt, vi må rette opp når den interne
organiseringa i laget ikkje fungerer, verte flinkare på raske tilbakemeldingar
og til ei kvar tid ha kontroll over medlemslistene.
Eit lag for alle.
Vi er framleis solide på arrangementssida med mange gode tilskipingar under
trim&trivsel-fana. Dette er tiltak som inkluderer alle – unge, gamle,
spreke og mindre spreke. Velledalen IL ynskjer vere eit inkluderande lag. Alle
arrangement er rusfrie. Vi har heidra eit høgt tal jubilantar med gode ord på
nettsida i 2017. Også gjennom den årlege «Idrettsgallaen» gjer vi stas på
mange. Julekort er delt ut til medlemar og sponsorar, og vi syrgjer med dei vi
mister.
Velledalen IL
sine
høgast rangerte prisar i 2017:
Vinnar trimpostar:
Inger Anne Riksheim
Årets idrettskvinne: Radka Vosicka
Årets idrettsmann: Njål Torillson Tyssing
Årets Unge utøvar:
Espen Strøm Grebstad
Årets gruppe:
O-gruppa
Årets VIL-familie:
Familien Nakken
Men prisen over alle prisar i 2017, var sjølvsagt
GASELLE-PRISEN som O-gruppa sytte for kom til Velledalen IL. 2017 vart altså
året der Velledalen IL for fyrste gong i laget si 111-årige soge fekk tildelt
ein Forbunds-pris – slikt ligg det godt arbeid bak!
Velledalen IL er i sin heilskap tufta på frivilleg
arbeid. Hovudstyret takkar alle som har bidrege i 2017 – spesielt ved dei tunge
arrangement som Førjulsmessa og Konradløpa. Men like viktig er; trufast arbeid
i det stille, heilt utan merksemd. Vi takkar alle trottige slitarar på
trimpostane og ikkje minst statistikkførar Nils Terje Skylstad. Vi avsluttar
meldinga med eitt av friidrettsleiar AP Bøe sine postulat: «God form kan ikkje
kjøpast på blå resept»!
For Hovudstyret
Atle Hole, nestleiar