Ove Skylstad held fram som leiar i VIL
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Mar 2018
Sjølv om Velledalen IL i
2018 sette ny medlemsrekord med 275 medlemar, lukkast det ikkje å få på plass
alle namna i det nye hovudstyret. Ein valkomité skal no prøve finne dei to
siste personane.
Gruppene held stort sett
fram som før. Ingen endringar i O-gruppa og trim-gruppa, berre små justeringar
i dei andre. Øystein Vikingsen Fauske kom inn som ny i langrennsgruppa, og
Susann Osnes erstattar Julie Brochmann som leiar i Idrettsskulen. Sjølv om
gruppene skal konstituere seg sjølve, er det grunn til å tru at Svein Nakken
held fram som langrennsleiar, Torje Bjørneseth som trimleiar, Alf Petter Bøe
som friidrettsleiar og Pernille Ibsen Lervåg som o-gruppeleiar.
Vi kjem tilbake med meir
stoff frå årsmøtet.