Takk for god VIL-reklame, Roger!

Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Mar 2018

Det dreia seg om Birkebeinerrennet
frå Rena til Lillehammer (54 km), der Roger er ein av kring 10 000 deltakarar.
Klokka 09.25 i morgon (17.mars) legg han ut frå startsletta i sin femte start. Med
startnummer 5395 på brystkassa.
  



 Roger har også med seg
sonen, Oskar Johan. Han er debutant, har startnummer 3127, og startar 35 minutt
FØR Roger. Det einaste vi er brennsikre på dagen før rennet, er at Roger ikkje
tek att son sin.
  



 Men vi ynskjer begge lukke
til – håper det ikkje vert altfor kaldt frå morgonen av.
  



 PS! Stor dag for VIL si
Oslo-avdeling. Med to utøvarar i FredagsBirken, og Roger på fjernsyn med
korrekt hue på hovudet i beste sendetid. Slike karar likar vi!!