Far og son Wilhelmsen går også Birken
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Mar 2018
Klokka 08.10 laurdag
morgon legg Berth Wilhelmsen (snart 74) i veg på sine 54 km frå Rena til
Lillehammer på ski. I statistikken står han oppført med 33 merke på 34 startar.
I særklasse mest på Sunnmøre. Nærast av årets deltakarar er Arild Bjørdal,
Ørsta IL, med 25 merke på 25 startar.
Klokka 08.50 legg sonen
til Berth, Tim-Sture Wilhelmsen, i veg. Det burde vere eit høveleg mål for
Tim-Sture, som har seks merke på åtte startar, å få kontakt med faren i løpet
av rennet. Kanskje er 40 minutt i meste laget, men ikkje heilt umuleg om forma
er god.
I tillegg har Evy Ann
Ekornes, Sykkylven IL, kome inn på deltakarlista. Med startnummer 10 502,
slepper ikkje arrangørane henne ut i løypa før klokka 10.20. Då er Berth
Wilhelmsen meir enn halvferdig. Evy Ann går rennet for sjette gong i fylgje
arrangøren sin statistikk.
Det vil kome fyldig
dekning av lokal innsats i FredagsBirken og Birkebeinerrennet i løpet av helga.
Mest på VIL sine løparar, men også tidene til alle sykkylvsløparar, og andre
lokale heltar.
PS. Rykta seier det kjem
stor reportasje om Berth Wilhelmsen i Sunnmørsposten på fredag.
PS 2: Tips oss om du veit
om løparar med band til Sykkylven som VIL-Nett ikkje veit om