Konradløpet 2018: Ni kvalifiserte til 15 års premie
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Mar 2018
Konradløpet 2018 er utgåve
nummer 17 av Velledalen IL si breiddemønstring. Løpet har ei premieordning som
er bakt inn i startkontingenten. Ein betalar med andre ord ingenting ekstra for
å få desse premiane:
1.gong: Dipolm
3.gong: Konradmedaljen i
sølv
6.gong: Konradmedaljen i
gull
10.gong: Glasvase
15.gong: Plakett
Her er namna på dei ni
personane som står bokførde med 14 Konradløp og som såleis er kvalifiserte til
15 års premien om dei stiller til start 1.mai 2018 (eller i PåskeKonrad 2018):
·
Bendik Hole Alnes
·
Eldar Høidal
·
Ellen Marie Hole
·
John Holmberg
·
Ole Peder
Kristian Holmberg
·
Reidun Holmberg
·
Nils Terje
Skylstad
·
Ove Inge Skylstad
·
Hanne Oline Ulset
Kjende personar alt i hop.
Vi ser at VIL-leiaren er mellom kandidatane og statistikk-føraren for VIL sine
14 trimpostar like eins. Dei yngste på lista er i fyrste halvdel av 20-åra,
naturleg nok sidan dei alt har delteke 14 gonger. Den eldste er over 80 år. Med
andre ord slik vi vil ha det i Konradløpet.
Vi minner om at
påmeldingslinken ligg på Velledalen IL si nettside (øvst på frontsida).