«Super-Janne» årets trenar i VIL 2017.

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Mar 2018

Vi har diverre ikkje fått
ut alt stoffet frå Idrettsgallaen enno. Delvis fordi nettsida vår tok ei uventa
pause. Og den er diverre ikkje i orden enno. Det ligg 30 foto frå Fjellsæterrunden
og ventar på å kome ut i album, noko som ikkje er mogleg. Vi får ikkje lagt ut
foto på frontsida, og teljeverket står, slik at vi får ikkje sett kor mange som
er innom sida. Men vanlege saker får vi no lagt ut, om vi reduserer storleiken
på bileta.

Nok om det. Janne Tomtum
vart «Årets Trenar» under Idrettsgallaen i januar og skulle sjølvsagt hatt
omtale for det.

 ·
   

 Janne kjem frå
Østfold og er lege av yrke. Såleis arbeider ho på «feil side» av fjorden og har
ofte lange dagar. Om det var kjærleiken som fekk ho til Sykkylven vitast ikkje,
men ho er «familisert» med mann og små born. Bustadmessig sorterer ho under ein
utkant av sentrumsområdet.

 ·
   

 Janne vart hyra
inn i O-gruppa i Velledalen IL (truleg av Pernille), og har gjort ein god jobb
der. Men den STORE SUKSESSEN hennar ligg i treningane ho leiar i Velledalen.
Innandørs i grendahuset det meste av året, men også utandørs. Det dreier seg om
stasjonstrening eller sirkeltrening – kall det kva du vil. Kvar onsdag er Janne
på plass, saman med 15-20 kvinner (mannfolka vert trøtte på kveldstid, så dei
kviler visst). Dei yngste i 20-åra, dei eldste godt over 60.

Og nettsida til Velledalen
IL får stadig innspel om kor givande desse treningane er og kor heldige dei er
som har så flink trenar. Her er litt av det som har kome:

 ·
   

 Stemninga er
alltid på topp og programmet utruleg bra!

 ·
   

 Sjølv om ho ikkje
hadde sove på nesten to døgn var Janne på plass!

 ·
   

 Ho tilbyr
aktivitet i juleferie, vinterferie, påskeferie. Ja, sjølv sommarferien knip ho
ned til eit minimum.

 ·
   

 Janne spreier ei
eiga glede og ein entusiasme som er heilt unik!

Høyrest det ikkje kjekt ut….?

Dei har sikkert plass til
fleire.