Takk for lånet, Grete Johanne!

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Mar 2018

Ingrid og Pe-Hans på
Erstad kunne kunsten å lage fotballspelarar. Ingen tvil om det. Eitt av produkta
deira fekk namnet Bård Per. Fødd under krigen og ni år gamal då VRF vart
stifta. Guten voks til og vart midtbanespelar. Han vart ballvinnar, slitar og
lagspelar. Han vart rollemodell og førebilete. I år etter år. Best var nok VRF
i 1971 og 1972. Då slo dei Hødd (1-0) i baneopninga på Dalemyra og dei slo CFK
frå Kristiansund som rykte opp til nivå to i norsk fotball både på Dalemyra
(6-1) og Atlanten (2-1 til VRF) i same sesong. Då svinga det av dei gul/svarte,
og det svinga av midtbaneslitaren frå Erstad.

Nedtrappinga slo feil.
  Då Bård var kring 35 år, og hadde spela kring 300
obligatoriske kampar (serie-og cup), kom Kona Grete med fylgjande ord ein gong
eg var innom:

 -
   

 Eg er så glad,
for no har Bård lova at han skal trappe ned fotballen!

Vel vel, det vart kanskje
ei nedtrapping av fotballen, men i slutten av 1970-åra kom Bård i kontakt med «dårlege»
kameratar i Velledalen. Dei to dårlegaste heitte Pål og Atle. Dei lokka Bård
med på skirenn… og på stafettar til fots, heilt til Oslo…. og på
hesteskokasting. Fotballen vart kanskje trappa ned, men totalen vart nok det
stikk motsette for trebarnsfaren.

Gjekk Birken alt i 81
 . Bård Erstad var den fyrste som vi kjenner til frå
Velledalen IL som gjekk Birkebeinerrennet. Han hadde broren, Einar, på Hamar,
så det var ein høveleg base. I ein alder av 38 år gjekk Bård inn til ein
knallbra 42.plass i klasse 35-39 år. Lokalt deltok Bård både i tradisjonelle
langrenn og lengre turrenn som det var mange av på Sunnmøre i 1980-åra. Og han
deltok saman med dei dårlege kameratane sine både i KM-stafettar og
FM-stafettar (fylkesmeisterskap).

I spann med Egil Skåre.
  Hesteskokasting vart ein lokal farsott i 1978, og
døydde ut med siste store stemnet i Velledalen kring 1990. Bård var ikkje tung
å be om å prøve nye «idrettar» heller. Og hesteskokasting var truleg «innafor»,
sidan kona Grete òg sysla med det.
   Øye-cupen, på Øye i Norangsdalen, var ein «höjdare»
på denne tida. Bård slo seg saman med veteranen Egil Skåre, og vann heile
stasen under parkastinga.

Tok Bondeheimen med storm.
  Stafettane til fots var mest i nærområdet, men også
Breimstafetten og Holmenkollstafetten litt lenger unna stod på programmet. Eitt
år hadde vi kamp mot Valder ute på Vigra om fredagskvelden same helg det skulle
vere Holmenkollstafett. Rett etter kampen sette vi oss i bilen og køyrde til
Oslo. Vi kom dit om natta, før noko som helst opna. Men straks Bondeheimen fekk
opp dørene var vi der og tinga frukost. Det var då Bård åt så mykje at
personalet til slutt fylgde han med augene i alt han føretok seg. Frukostrekorden
skal visst nok stå enno. Laurdagen brukte vi til å gjere oss kjende med
etappane, stafetten gjekk sundag og etterpå køyrde vi heim. Jaudå, du pusta
tungt, men levde ungt denne tida, Bård!

Dobbel trimpostvinnar.
  Etter nokre år med litt «slakke» av ulike grunnar kom
Bård sterkt tilbake. I 2005 vart han trimpostvinnar samanlagt, ein prestasjon
han kopierte året etter. Turar i Riksheimdalen var hovudingrediensen i
suksessen. Verdt å merke seg at ingen mannfolk har vunne trimpostane meir enn
to år.

Saftig strekk i Konradløpet.
  No var Bård i farta igjen. I 2007 var han klar for
Konradløpet, i ein alder av 63 år. Det gjekk strålande…..lenge. Men det enda
med ein saftig strekk. Utan den hadde tida blitt vesentleg betre enn dei 20.27
som den vart. Strekkar var ikkje ukjende for Bård. Frå tid til anna såg han
fotballar som rulla. Fekk han hug til å springe etter slike og sparke til dei,
visste han kva resultatet vart – STREKK!

Nibberittet i 08.
  Då Bård var 65 år sykla han Nibberittet i Geiranger. 21 kilometer og
1500 høgdemeter. Start ved fjorden og mål på Dalsnibba. Bård greidde sjølvsagt
det, men var ikkje heilt nøgd etter løpet:

 -
   

 Eg har trena så
godt siste tida at eg hadde nesten trudd det skulle gått lettare, sa han.

Nokre månader seinare
hadde Bård meir enn nok med å fylgje Grete på kveldstur. Han ana uråd. Tette
blodårar vart «staka» opp att, mindre enn halvåret etter at 65-åringen sykla
Nibberittet i Geiranger på godt under 1 time og 50 minutt.

Livslang idrettsmann.
  Somme trudde at Bård sin opptreden i Geiranger i 2008
skulle bli det siste vi såg av han. Men nei. I 2016, som 73-åring gjorde han
det igjen. Han trødde opp bakkane. Og han trødde som ein ungdom. Velledalen IL er utruleg stolte av
75-åringen, Bård Per Erstad. Den einaste i rekkene våre som kan omtalast som
livslang idrettsmann.

OG TIL DEG GRETE JOHANNE:
TUSEN, TUSEN TAKK FOR LÅNET – DU HAR VORE RAUS MED OSS!!


PS. Bård stoppa på kring
350 obligatoriske kampar for VRF. Medrekna treningskamar har han ein stad
mellom 600-700 kampar for klubben