Olaf, Sivert og Andreas sprang vinterkarusell
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Mar 2018
Siste løpet samla 28
deltakarar. 17 fullførte 10 kilometer, elleve sprang den halve distansen.
Velledalen IL hadde dei to yngste deltakarane i løpet i Sivert og Andreas
Nakken, og den eldste, i Olaf Einar Øien. Alle tre var åleine i sine klasser,
og vart såleis klassevinnarar. I tillegg vanka det premie for trufast deltaking
i karusellen.
Vi nemner òg at Bjørn Arve
Brune deltok som einaste utøvar frå Stranda. Han var best i klasse 50-54 år på
fem kilometer med sterke 19.50. Nest best på distansen totalt. Rykta seier
Brune har vore på treningsleir i utlandet som eit ledd i oppkøyringa til
Konradløpet om knappe to mnd. Tida
frå
Ålesund viser at Brune vil sjå 17-talet også i årets 1.mai løp på Brunstad.
RESULTAT 10 KM:
38.12: Are Uran (40-44 år)
38.23: Steffen André
Kråkevik (23-34 år)
38.24: Kristian Kleiveland
(35-39)
38.35: Robert Mørch
(23-34)
38.57: Ismail Samadi
(20-22)
39.19: Karl Idar Vik
(35-39)
39.44: Gunnar Karl Emblem
(45-49)
53.45: Sivert Mosby Nakken
(14-15)
Det høyrer med til soga at
Sivert heldt fylgje med Inge Asbjørn Haugen gjennom løpet. Haugen er som kjent
mannen med flest maratonløp i heile kongeriket, så det var fint selskap,
Sivert!
RESULTAT 5 KM:
17.58: Martin Hauge-Nilsen
(23-34 år)
19.50: Bjørn Arve Brune
(50-54)
21.59: Bjørn Ove Aaland
(35-39)
22.57: Svein Oskar
Nedregård (50-54)
25.37: Andreas Mosby
Nakken (14-15)
28.35: Olaf Einar Øien
(75+)