Kjell Magnar gjekk «motstraums» på 47.12

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Feb 2018

arkivfoto
Har du nokon gong kjent på
trongen til å gå frå Svingen Handel på Stranda til toppen av Roalden på ski.
Ikkje det, nei! Slett ingen sensasjon det. Men Kjell Magnar Berli gjorde det
altså sist laurdag, i samband med Alperittet:

 -
   

 Tok du tida,
Kjell Magnar?

 -
   

 Ja, eg brukte
47.12 – 47 minutt og tolv sekund.

 -
   

 Gav du alt?

 -
   

 Nei, trur eg
kunne kome meg lavare ned i tid. Eg pressa ikkje meir enn at eg hadde kontroll
med mjølkesyra heile tida

 -
   

 Kva skitype
brukte du?

 -
   

 Eg gjekk med
randonéski.

Kjell Magnar Berli har no
hatt ei lang konkurransepause, mellom anna på grunn av knetrøbbel. Men han har
likevel trena godt. Kanskje stiller han i noko som heiter Stryn Rando seinare i
vinter.

 -
   

 Og kva med
Konradløpet..?

 -
   

 Eg har meldt meg
på, så eg må snart prøve med litt løpetrening, seier mannen som altså brukte
47.12 frå Svingen Handel til Alperittet sitt startpunkt på Roalden.

Velkomen etter, til dei
som ynskjer prøve!!