«Langrennsranking» Sykkylven kommune
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Feb 2018
Med hovudvekt frå
resultatlista i Fjellsæterrunden har VIL-Nett sett opp ein topp-5 «ranking»
over dei beste langrennsløparane busette i Sykkylven. Dette er ei liste som
ikkje tek omsyn til alder. Her er alle i same klasse. At Svein Arne Nakken for
tida er den beste langrennsløparen som bur i bygda vår herskar det liten tvil.
All ære til dei fem som har kome seg inn på lista, men for idrettsbygda
Sykkylven er dette nitrist. Det vil kome ei liknande liste for kortdistanse
etter bygdameisterskapen i langrenn er avvikla.
Topp - 5 langdistanse-langrenn for personar busette i Sykkylven pr 25. februar
2018:
1.
Svein Arne Nakken – 52 år
2.
Terje Sigbjørn Aurdal – 65 år
3.
Fridtjof Fredriksen – 52 år
4.
Jan Egil Årnes – 65 år
5.
Berth David Wilhelmsen – 74 år
Like ved: Øystein Vikingsen Fauske
Snittalderen på dei fem som er inne på lista er 61,6 år.
Og Terje Aurdal, som er
nummer to på lista, la opp i 1987! Vi berre nemner det.