Barnas Fjellsæterrunde: Klassisk stil i år.

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Feb 2018

Det er langrennsleiar i
Velledalen IL, Svein Arne Nakken, som ber om ei presisering vedkomande stilart
på nettsida:

 -
   

 Det er viktig vi kjem med ei presisering, sidan det
på den utsendte informasjonen frå arrangøren står at rennet går i fristil. Men
dette er altså feil, sidan det var fristil sist. Dermed vert det klassisk i år,
seier Svein Arne

Barnas Fjellsæterrunde
startar klokka 12.35, fem minutt etter dei vaksne. Ungane kan om dei vil melde
seg på renndagen – noko dei fleste gjer – men dei bør vere ute i god tid. Kvart
   år ser ein utøvarar er seint ute, og må
stresse for å nå fellesstarten.

VIKTIGE PUNKT:

 ·
   

 Barnas
Fjellsæterrunde – ca tre km

 ·
   

 Stilart: Klassisk
stil

 ·
   

 Start: 13.35 på
startsletta i nærleiken av lysløypa

 ·
   

 Påmelding: I god tid
før start

 ·
   

 Premiering: Alle
vert premiert – premie like etter målpassering

Det er venta at Barnas
Fjellsæterrunde vil samle over 100 deltakarar.