Alpinistar med band til Velledalen
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Feb 2018
Jakob Fet Vindenes
Vilde Lervåg Seim deltok i
storslalåm i klasse Jenter U 9. Vilde har besteforeldre i Velledalen i Jens
Birger og Annlaug Lervåg. Bernt Are og Pernille Lervåg vert onkel/tante til
jenta, som då rimelegvis også har tre syskenborn i dalen.
Brødrene Isak Fet Vindenes
(Gutar U 12) og Jakob Fet Vindenes (Gutar U 14) var med på heile alpinhelga, som
betyr at dei køyrde renn både i super-G, storslalåm og slalåm.
Desse to karane har vore med på litt av kvart
av sportsleg aktivitet også i Velledalen (m.a. Konradløpa). Isak og Jakob (gode
bibelske namn, forresten) har besteforeldre i Jogarden på Fet, nemleg Odd-Kåre
og Grethe Fet, som samla har passert 100 positive idrettsmerke-prøver.
Det byrjar bli nokre år
sidan alpingruppa i Velledalen IL var viril, men det er alltid kjekt å møte
utøvarar med band til området vårt. Og vi kan nemne at Fet var eit slagkraftig
alpinetternamn også i glansdagane.
Alle dei tre nemnde
utøvarane representerte Spjelkavik IL – ein klubb som driv godt.