O-gruppa «Årets gruppe 2017» i VIL
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Feb 2018
O-gruppa har lagt bak seg
eit særdeles aktivt år. Såleis var det naturleg at medlemane der forsynte seg
godt av prisane som vart utdelt. Her er nokre stikkord for gruppa sitt arbeid i
2017:
·
Sterke på
kartarbeid. Fleire nye kart lanserte. Finst no o-kart i området Dalemyra,
Myrdalen/Svartevatnet, Fjellsætra og sentrum.
·
Arrangerte
KM-mellomdistanse på Myrdalen i samarbeid med Emblem IL
·
Har arrangert
fleire mindre løp og ein populær sentrumscup med god deltaking
·
Har arrangert
treningskveldar ulike stadar
·
Har hatt
O-opplegg for skular, barnehagar og speidargrupper
·
Har skaffa laget
nye medlemar i fleng
·
Fekk ei eiga side
i den nasjonale O-boka (som einaste klubb i M&R)
·
Arrangerte o-fest
for alle VIL-medlemar i Velledalen grendahus
·
Har sytt for at
VIL for fyrste gong har hatt NM-deltakar i orientering
·
Har gjort ein
kjempeinnsats for å skaffe – og bruke – laget sin eigen løpskolleksjon.
·
Markert seg på
deltakarsida i o-løp både lokalt og nasjonalt. VIL sin fyrste KM-vinnar i
orientering kom i 2017 (Pernille).
·
Gruppa har hatt
eigne sirkeltreningar i eller utanfor grendahuset kvar onsdag.
·
Gruppa er den
einaste som nokon gong har fått ein Forbundspris i Velledalen IL, då dei
hausten 2017 fekk o-forbundet sin «Gasellepris»
Med i O-gruppa 2017 har
vore: Pernille Ibsen Lervåg (leiar), Merete Masdal, Janne Tomtum og Bernt Are
Lervåg.
O-gruppa stakk i tillegg
av med to andre prisar:
«Årets lokale trenar 2017»: Janne Tomtum
«Årets Gaselle 2017» Pernille Lervåg