Tandstad-karar VIL-debuterer i Holmenkollstafetten
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Jan 2018
Velledalen IL har hatt
fleire søskenpar på dei ulike laga i Holmenkollstafetten. I 2018 kan det vere
duka for eit nytt, nemleg Hilde og Vegard Tandstad. Hilde har lang røynsle som «springar»,
ho var den som starta opp Oslo-Konrad, har fleire KM-titlar frå løp i yngre år,
og kjempar i VIL om tittelen klubb-biolog med
Rolf (Haxthow) og Pernille (Ibsen Lervåg).
Vegard Tandstad har eit
lett, fint steg som hittil ikkje har teke ut potensialet sitt. Difor smilte
friidrettsleiar Bøe breitt, då meldinga kom om at i år ville han delta. Og det
same gjer ein annan Tandstad-mann, nemleg butikksjefen på nærbutikken i
Velledalen, Henning Tandstad. Alle tre med Tandstad til etternamn er djupe tilhengarar
av Liverpool FC, men om det kan hjelpe dei i Oslogatene er meir uvisst.
Som de forstår, tida er
komen for å melde si interesse for laget vårt til Holmenkollstafetten. Laget
stiller i klasse A1, som er blandingslag av menn og kvinner med fleirtal menn.
Interesse for stafetten 5. mai kan meldast til fylgjande personar, og gi gjerne
eit hint om kva etappe de ynskjer:
ALF PETTER BØE,
friidrettsleiar 901 62 279
ANDERS WIGDAHL,
styremedlem i friidrettsgruppa, 406 39 135
ROGER MALVIN HOLE,
organisator i avdeling Austland, 959 40 598