18. januar: Råsprek pensjonist fyller 90 år.
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Jan 2018
arkivfoto frå Fetvatnet rundt 2010
18.januar fyller Kjellaug
Petrine Ulset 90 år. Ho har nok aldri kalla seg idrettskvinne, sjølv om ei slik
nemning er nærare det korrekte no, enn då ho var 25.
I Kjellaug si velmakt var arbeidsevne viktigare
enn å springe frå A til B på tid. Og vi kan seie det slik; Kjellaug – til liks
med dei fleste andre - vart produkt av tida dei levde i. Ho har vore budeie på
Myrdalen, men truleg aldri sprunge frå Hole til Myrdalen på tid.
Men særleg som pensjonist
fatta Kjellaug interesse for å halde seg i god fysisk form. Og det passa bra at
Velledalen IL plasserte ut trimpostar mest samstundes som dama vart pensjonist.
Ho viste seg som ein flittig turgåar, særleg til posten ved sætreelva i
Holemarka.
Kjellaug Ulset var 74 år
då det fyrste Konradløpet vart arrangert. Ho slengde seg med. Ikkje underleg,
då ho levde i nærleiken av dei ideala Konrad Brunstad dyrka, berre i langt
mindre grad. I alle fall då. Men dette skulle endre seg. Kjellaug vart fast
gjest i alle Konradløpa, og det er eit fåtal som med handa på hjarte kan seie
dei er sprekare i ein alder av 85 enn 55. Kjellaug kunne, men det stoppa ikkje
der.
1.mai 2017 var Kjellaug på
scena i grendahuset, saman med fem andre utøvarar over 80 år. Dette året sette
ho ny aldersrekord for kvinner i det 4,5 kilometer lange Konradløpet. Ho
gjennomførte i fin stil i ein alder av 89 år og 103 dagar. Og enno meir
imponerande. Ho hadde delteke i 16 av 16 moglege løp – og hugs ho var 74 år
under debuten! Stiller ho 1.mai i 2018 vil ho truleg vere einaste kvinne over
90 år som har fullført løpet (berre Tomas Tandstad har vore eldre – gjekk i
sitt 92.leveår).
Men det stoppar ikkje med
Konradløpet. I 2017 hadde Kjellaug Petrine 100 noteringar på trimposten ved
sætreelva i Holemarka. Ein framifrå prestasjon som berre Nils Terje Skylstad gjekk
over.
Velledalen IL er stolte av
personar som Kjellaug Ulset.
- Som fyke lavt, på
gylne vinger, som gruppa Vamp ville ha sagt.
Hjarteleg til lukke med 90 års dagen, Kjelllaug!!
Atle Jomar