Vinterkarusellen i Ålesund – 3.løp
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Jan 2018
Løpet som vart avvikla
laurdag 13. januar samla 33 fullførande deltakarar. 20 sprang lengste distansen
på 10 kilometer, 13 fullførte halve distansen.
På fem kilometer hadde
Leif Sægrov, Valldal IL, beste tida med 18.45. Beste kvinne vart Amalie
Langvatn Eide, ÅFIK, med tida 24.28. Sivert Mosby Nakken brukte 25.13, og vart
best av våre denne gongen. Broren Andreas kom inn på 33.18
Elles vart det kjekt å sjå
Olaf Øien tilbake på resultatlista etter at han måtte bryte halvmaraton-løpet i
romjula. Olaf gjorde i dag sitt fyrste løp i klasse 75+, og leverte fine 28.05
i debuten.
Sykkylven IL sin Fridtjof Fredriksen sprang 10 kilometer på 43.38. Tiande
beste tida på distansen, men Fridtjof var best i klasse 50-54 år. Gunnar Karl
Emblem frå Hakallestranda Kondisjonslag (med slekt i Velledalen), hadde
bestetida uansett klasse med fine 37.29. Sissel Hammerås var kvassaste kvinne
med 48.50.
Tre av 33 fullførande representerte
altså Velledalen IL. Om nokon saknar namnet til Per Inge Bjørnestad, kan vi
nemne at han slit for tida med skade. Alf Petter Bøe var oppteken på andre
hald, medan Svein Arne Nakken var påmeld, men starta ikkje. To løp står att i
Ålesund vinterkarusell sesongen 2017/2018.