Konradløpet 2018: Påmeldinga opnar om få dagar
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Jan 2018
Konradløpet 2018 vert det
17. løpet i rekkja. Som vanleg arrangert 1.mai, med start frå Brunstad klokka
05.00. Kvelden før vert Minikonrad arrangert med Velledalen grendahus som base.
Det er no mindre enn fire
månadar til hendinga. Difor vil nettpåmeldinga til hovudløpet opne ein av dei
næraste dagane. Startkontingenten kan betalast ved henting av startnummer.
Kontingentsatsane vert uendra i høve til 2017, som betyr:
Born kr 100,-
Vaksne kr 200,-
Familie kr 450,- (maks to
vaksne)
I desse prisane er det
inkludert gratis frukost etter løpet.
PS: Alle påmelde før 1.
februar er med i trekninga av flott premie. Vinnaren vert kunngjort på
nettsida.