Nyttårsmaraton i Ålesund 30. desember

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Des 2017

Velledalen IL vert
representert med ein debutant og ein veteran under Nyttårsmaraton i Ålesund
laurdag 30.desember. 18 timar før halvmaratonstart var deltakartalet kome opp i
65 - 15 på heil maraton, 50 på halv.

Olaf Einar Øien har gjort
eit utal løp på halvmaraton gjennom ei lang aktiv karriere. I morgon gjer han
sitt siste i klasse 70-74 år. Når kalenderen bikkar over på 2018, bikkar Olaf
over i klasse 75-79 år.

I motsett ende av aldersskalaen opererer
Sivert Mosby Nakken. Han spring i klasse 14-15år. Modig gjort av 14-åringen å
debutere på halvmaraton. Kjem Sivert seg til mål i morgon, er han ganske
sikkert den yngste som har fullført ein halvmaraton for Velledalen IL.

Av andre påmelde nemner vi
Fridtjof Fredriksen (SIL) og Bjørn Arve Brune frå Stranda i klasse 50-54 år. I
denne klassa er det også venta at Alf Petter Bøe stiller for Rindal IL.

I fjor samla
nyttårsmaraton i Ålesund 111 deltakarar. Så mange vert det neppe dette året,
men Velledalen IL har altså ein 14-åring og ein 74-åring mellom dei startande.

Vi håper deltakarane våre
får ei fin oppleving!