Vellukka Romjulsmarsj og akekveld
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Des 2017
Eldrid og Asle Myhre hadde med seg bornborn og var mellom dei som heldt høgast fart. Kjekt å sjå at sparken framleis kan tene som framkomstmiddel.
Gruppa gjekk nemleg
offensivt ut og arrangerte den 38. Romjulsmarsjen på dagtid og akekveld på Hole
på kveldstid. Romjulsmarsjen gjekk under snøvêr det meste av tida, medan
nedbøren hadde dabba av då akarane var klare med sin aktivitet.
Romjulsmarsjen samla bra
med folk. 80 i talet, noko som er betre enn dei to siste åra. Vi merka oss at
to av Velledalen IL sine fremste menn frå friidrottsbana i siste halvdel av
1940-talet, Torleiv og Paul Hole, begge var på plass. I ein alder av 87 og 88
år. Elles varma somme opp til den tilstundane akekvelden og kom på spark. Eit
usikkert framkomstmiddel då sandstrøarar kan slå til når ein minst anar det.
Elles var marsjen også eit populært
treffpunkt for dei firebeinte, og personar som ikkje bur i dalen til vanleg.
Som vanleg sytte trimgruppa for fin og rimeleg servering.
Under akekvelden vart 52
personar registrerte. Her var det fleire uhøgtidlege konkurransar. Mellom anna
på tid frå Knutgarden og ned til krysset i Øyane. Eller ein kunne ta turen til
Brunstad og tilbake med spark – på idealtid.
Om nokon har foto frå akekvelden, så send
gjerne til VIL-Nettsida: atlehole@online.no