Ei av dei sprekare damene i dalen fyller 40
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Des 2017
FOTO: Konradløpet 2017
I dag er det jubileum i
Hjortdalsvegen 3 i Velledalen. Inger Anne Brunstad fyller 40 år. Ei
stillfarande kvinne vil mange meine – med sportsleg talent, legg vi til for
Velledalen IL si rekning.
Vi veit ikkje, men tvilar
på om det finst 40-åringar i Velledalen med høgare kilometerstand enn Inger
Anne. Dama går nemleg mykje. Ikkje berre på trimpostane. Få, om nokon, har
fleire turar «rundt Brunstadgarden» med barnevogn. I all slags vêr vert ho
observert. Åleine eller saman med likesinna (Anne Britt).
Av trimpostane er
Brunstadsætra i særklasse det mest nytta turmålet. Denne posten har ho vunne
fleire gonger, og er alltid i øvre sjikt.
At Inger Anne spring, er
derimot eit særsyn. Dei færraste har sett henne gjere dette, men ho MÅ ha gjort
det. I Konradløpet. Om Lars Inge sin statistikk er rett, har ho 10 deltakingar
i løpet. Tidene og utviklinga i dette løpet siste åra, er oppsiktsvekkjande. Provet
på det, og at ho umogleg kunne ha gått, får du her:
·
Som 33-åring (i
2011) sette ho ny personleg rekord med
tida 24.00
·
Året etter, som
34-åring, nok ein personleg rekord med 23.42
·
Så vart det nokre
kvileår, før ho som 38-åring (i 2016) fleska til med ny personleg rekord på
23.32
·
Og 1.mai i år,
som 39-åring, dunka ho til med ny bestetid igjen, 23.06!
Det er mange i VIL som
håper dei i framtida litt oftare får sjå ei springane utgåve av Inger Anne. At
dama har talent er tvillaust. Konrad Brunstad tok ikkje laust før han var godt over
70. Måtte Inger Anne gjere det same minst 30 år tidlegare!
Veteranklasse 40-44 år
ventar på deg!
På vegne av idrettsvener i Velledalen IL
Alex Hooley