Flott og velsmakande servering

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Des 2017

Ofte vert det enkle
løysingar når idrettslag skal servere mat under ulike samkomer. Denne gongen
hadde O-gruppa gjort ein vri. Tenk dykk, det var kjemisk fritt for kaker og
søtsaker denne kvelden. I staden vart det servert det vi velledalingar kallar
god, gamaldags betasuppe. Den smakte suverent, og det var så mykje av den at
nokre viste teikn til oveting, og faktisk måtte stå over det fyrste innandørs
O-løpet i Velledalen grendahus. Full honnør til suppekokarane!

Ei ri etter suppa hadde
funne sin plass i tarmsystemet, vart det servert fruktspyd og kaffi.

Somme tykte denne kvelden
var så gild at laget burde hatt ei slik samkome kvar månad. «Hansken» er med
dette kasta, ei av dei andre gruppene i laget bør vere potensielle mottakarar.

Men fyrst er det
Romjulsmarsj 2.juledag, og det er slett ikkje så verst det heller. Fyrste gong
arrangert i 1979, og avlyst berre èin gong, då var det straumlaust etter sterk
vind/orkan.