Fortent heider til Janne og Merete.

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Des 2017

Velledalen IL er stolte av O- gasellene sine. F.v:Merete, Janne og Pernille.
O-gruppa i Velledalen IL
har i 2017 hatt Pernille Ibsen Lervåg som leiar. I tillegg har Janne Tomtum,
Merete Masdal og Bernt Are Lervåg vore medlemar. Denne kvartetten arrangerte
ein framifrå O-fest for 65 frammøtte i Velledalen grendahus laurdag 9.desember.
Programmet var i høgste grad allsidig, det skal seiast. Obligatorisk helseplikt
på alle, lett obligatorisk rørsle-trim, storslagen presentasjon av O-sesongen i
ord og bilete, servering av grønnsak/kjøttsuppe, fruktspyd og saft/kaffi,
premieutdeling, takketalar og innandørs o-løp. Heilt klart ei kreativ gruppe alle i VIL kan vere stolte av.

Leiar Pernille takka
Merete Masdal og Janne Tomtum for stor innsats i gruppa. I tillegg til gode ord
fekk dei kvar sitt eksemplar av den temmeleg ferske O-boka for 2017. Denne boka
inneheld såkalla distriktssider. Og sida til Møre og Romsdal handla i sin
heilskap om Velledalen IL. Ei ære, og eit nytt prov på godt arbeid, på same
måten som tildelinga under O-Forbundet si samleg nyleg, der Velledalen IL vart
kåra til «Årets Gaselleklubb».