Arbeidslistene til Førjulsmessa er klare

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Nov 2017

Velledalen IL si
funksjonærliste til Førjulsmessa 18. og 19. november ligg no ute på nettet. Ei
ganske så omfattande sak med 92 ulike namn. Går alle leveransar i boks vil
desse personane syte for 34 kaker og 500 tombola-vinstar til messa. Elles er
opp-og nedrigging i grendahuset VIL sitt ansvar. Like eins PR og annonsering,
rulling av 1000 vinnarlodd til tombolaen, rulling av 5000 blanke lodd, pluss vakthald i grendahuset
laurdag kveld og natt til sundag. I tillegg har Velledalen IL innkjøpssjefen
som skal syte for at utstillarar og publikum får det dei treng av mat og
drikke. Den største oppgåva av alle, ber tittelen «Utstillarkontakt», og ligg
også til VIL.

Denne oppgåva har Liv/Atle
Hole hatt i 24 år, men har under 2017-messa fått avløysing av Elisabeth Sjøli. No er det ho som bestemmer
kvar utstillarane skal plasserast, og korleis dei skal trakterast frå fyrste
kontakt lenge før messa, til dei går ut av dørene i Velledalen grendahus ved
messeslutt.

Velledalen skulekorps og
VRF er med som hjelparlag. Dei to laga skal levere 30 kaker og 500
tombolavinstar til saman. VRF har messekasseraren i Vibeke Skinnes Hauge – eit viktig
verv. Elles er kjøkkenet deira tumleplass, med ansvar for alt mat- og drikkesal.
Skulekorpset har tombola som sitt fagfelt. Mykje arbeid med tombola-rigging
både laurdag og sundag. I tillegg har korpset regien over basarbøkene i
Velledalen. Her er god organisering i dagane FØR messa viktig for loddsalet,
noko vi såg i fjor.

Vi ynskjer GOD HELG til
alle bidragsytarar

Og

Velkomen til Førjulsmesse
nummer 25!!

PS: VRF garanterer god
kaffi og kakene plar halde høg kvalitet.

Arbeidsliste her