Bjørn Arve klassevinnar på Hareid

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Nov 2017

Deltakinga var god då
vinterløpa opna med Grimstadvatnet Rundt sist helg. Det 7,8 km lange løpet
gjekk under våte forhold med 7-8 varmegrader i lufta vart det meldt. Ingen av
VIL sine løps-ess deltok, men vi vil denne gongen skryte litt av ein strandar.
Greitt å gjere sidan vi har lesarar der.

Deltakinga var skrinn også
frå indre fjordstrok, men Bjørn Arve Brune var der. Og han var i form. Vi tek
med
  resultata frå klasse 50-54 år:


 1.
  

 Bjørn Arve Brune, Stranda, 31.28


 2.
  


 Inge-Jonny Hide, Kleven, 32.12


 3.
  


 Asle Johansen, Larsnes, 32.19


 4.
  


 Ulf Magne Eikås, Stryn, 38.25

Held herr Brune fram i
denne farta, skal ein ikkje sjå vekk frå at friidrettsleiar Bøe i Velledalen IL
kan kome til å «kjøpe» han over fjellet til jul.

Raskaste herre i løpet var
Andreas Vangsnes frå Ålesund FIK på 26.18, medan Ingrid Festø, Gular, gjorde
28.59 som raskaste kvinne.